www.maloy.vgs.no

Merkesteinane

Merkesteinane Foto: Janne Weltzien Listhaug ©Fjordenes Tidende

YSK/TAF Helsefagarbeidar arrangerte Valentinsfest

60 brukarar frå Vågsøy, Selje, Bremanger og Eid deltok med liv og lyst.

Valentinsfesten er eit resultat av dei gode tilbakemeldingane elevane har fått på tidlegare samankomstar som dei har arrangerte for dei same brukarane. At samankomsten denne gongen vart til Valentinsfest skyldast fleire tilhøve, men gleda til brukarane som elevane opplever ved slike arrangement, gjer at dette er tiltak som dei forsøker å gjere årvisse.

Etter maten vart det åresal, før Merkesteinane spelte opp til dans. Elevane berømmer det lokale næringslivet for at dei sponsa både premiane til åresalet og ikkje minst støtte til å hente inn Merkesteinane til å spele på festen+90. Bandet er sett saman av medlemmar med ulike utfordringar, og har base på Møre Folkehøgskule i Ørsta. At det er fengande musikk er det lite tvil om, gjestane dansa så lenge musikken spelte.

Her er fleire bilder frå festen:

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Alle foto: Janne Weltzien Listhaug

Bildene gjengitt med tillatelse fra Fjordenes Tidende

Sjå Fjordenes Tidende sin artikkel

Tips ein ven Skriv ut