3D printing

3D printing Foto: Andreas Runderheim

Yrkesfagleg fordjuping retta mot VG2 Plast og Kompositt.

På VG1Teknikk- og industriell produksjon, har vi eit fag som heiter Yrkesfagleg fordjuping. Formålet med dette faget er at elevane skal få ta del i kompetansemål frå eit Vg3-fag, det vil sei å jobbe med eit eller fleire læremål frå eit lærefag.

Det er i dette faget at vi har moglegheiter til å orientere elevane om fagval og yrkesmoglegheiter etter at dei har gjort ferdig VG2. Vi har valt å halde fokus på yrker knytt til dei lokale næringsverksemdene som er knytt til TIP-området, og til yrker knytt til dei Vg2 løpa som vi kan tilby her ved Måløy Vidaregåande Skule. Vi har også gitt rom for at opplæringskontor, bedrifter og personar med kompetansearbeidsplassar innan TIP-området kan komme innom og informere elevane om kva tilbod dei kan søkje på når dei skal ut i lære.

Dette skuleåret har elevane på VG1 Teknikk- og Industriell produksjon fått vore med og besøkt følgjande bedrifter, EasyForm, SagaBoats, Strukturplast, Stadpipe og vi skal også ein tur innom Måløy Verft/Eurobåt.

Undervisinga har omfatta 3D teikning, 3D modellering, 3D skanning og 3D printing med PLA plast, for utan å jobbe med fagteori om kompositt, samt utføre støyping av komposittmaterialer i form med handopplegg og gjennomføre vakumstøypingar.

Eit spennande yrke med mange moglegheitar. Ta kontakt med skulen dersom du treng meir info om den nye linja.

 

 

 

Autodesk Inventor Professional 2018

Konstruksjon av del

FlashPrint - F:/Dokumenter/Jobb/Inventor teikningsovingar/Armaturholder julestjerne 1.gx

3D printing av del

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut