Måløy vidaregåande skule
Norgesmeister Daniel Bjørnset

Norgesmeister Daniel Bjørnset Foto: Bente Iren Vonheim

Vinnar av Skule NM i Kokkefaget

Daniel Bjørnset frå Florø vart i dag kåra til Norgesmeister i Skule NM. Han tok fyrsteplassen framfor deltakarar frå Trøndelag og Akershus.

Ein kort rapport frå faglærar Bente Iren Vonheim på toget frå Tønsberg til Oslo i kveld sa at med tanke på det høge nivået som blei levert, er dette heilt fantastisk. I dag var Daniel heilt konge på kjøkkenet. At Daniel skulle forsvare NM tittelen som Johanna Magdeli Utvær Petterson tok i fjor, var vel ikkje heilt forventa.

Menyen som Daniel serverte var brokkolisuppe til forrett, grilla svinenakke og ragu til hovudrett.  

At Måløy Vidaregåande Skule no sit på dei to siste NM titlane som er utdelt i skule NM, er berre fantastisk og viser kor høg kvalitet det er både på elevane og teamet bak utdanninga. Når ein då og kan vise til at to av kokkane på det norske kokkelandslaget, Jan-Erik Hauge frå Berle og Kristoffer Westvik Lofnes frå Deknepollen, og gjekk på Måløy Vidaregåande Skule, seier det seg sjølv at elevane har nokre lysande stjerner å strekkje seg etter.

Her er nokre fleire bilde frå konkurransen (Alle foto: Bente Iren Vonheim)

 

Då var konkurransen i gang

 

 

 

 

 

 

 

 

Hovudretten som vart servert av vinnaren

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Den stolte vinnaren

Tips ein ven Skriv ut