Måløy vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Restaurant- og matfag/Vg2 Kokk- og servitørfag
Julemiddag

Vg2 Kokk- og servitørfag

På Vg2 kokk- og servitørfag fordjupar ein seg i grunnleggande teknikkar innan kokk og servitørfaget.

I faget Yrkesfagleg fordjuping vil du også vere ute i praksis i eit av dei tre yrka, kokk, institusjonskokk og servitør, i løpet av skuleåret. Det er stort behov for faglært arbeidskraft og det er lett å få læreplass i bransjane.

Som ein del av opplæringa har skulen utplasssert elevar i La Rochelle i Frankrike.

På slutten av skuleåret skal du opp til ein praktisk/munnleg eksamen.

Etter Vg2 kan du velje å gå ut i lære i desse faga:

  • Institusjonskokkfaget
  • Kokkfaget
  • Servitørfaget