Måløy vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Naturbruk/Vg2 Fiske og fangst
Fangst

Fangst

VG2 Fiske og Fangst

VG2 Fiske og Fangst er eit fylkesdekkande tilbod. Etter fullført Vg1 naturbruk kan du takast opp som elev på Vg2 Fiske og fangst. Dette er det rette utdanningsprogrammet for deg som vil bli fiskar, eller som ser føre deg ei framtid som fiskeskippar.

Det er strenge krav til den som ønskjer å føre og drive eit fiskefartøy i forhold til tryggleik, navigasjon, instrumentbruk, kommunikasjon, handsaming av fisk, etc. Utdanninga tek difor sikte på å førebu deg slik at du vert kvalifisert til å møte desse krava.