Måløy vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Helse- og oppvekstfag/Vg1 Helse- og oppvekstfag
HO

Vg1 helse og oppvekstfag

Helse- og oppvekstfag utdannar deg til å jobbe med mennesker. 

Første året lærer du korleis du skal gi omsorg og støtte til deg sjølv og mennesker som treng hjelp. I tillegg vil du få grunnleggjande teoretiske kunnskapar om kroppens oppbygging og funksjoner, sosialfag, førebyggande helsearbeid, kostlære, hygiene, førstehjelp og kva krav som vert stilt til deg i yrkesutøvinga.

Måløy vidaregåande skule har ei klasse med 15 elevar på Vg1 Helse- og oppvekst. Klassa held til i samme avdeling som VG2 Barne- og Ungdomsarbeidar og VG2 TAF/YSK Helsefagarbeidar. Denne avdelinga har eige treningshusvære, øvingsrom og andre fagretta rom. Kjøkken deler ein med VG1 Restaurant og matfag. Allereie første året får elevane prøvd seg i arbeidspraksis slik at dei skal bli tryggare på kva retning ein bør velje vidare.