Måløy vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Bygg- og anleggsteknikk/Vg1 Bygg- og anleggsteknikk
Byggverkty

Vg1 Bygg- og anleggsteknikk

På Vg1 bygg- og anleggsfag har vi hovudvekt på desse produksjonsfaga tømrar, betongarbeidar, stillasbygging og murar. Om elevane har ønskje om å fordjupe seg innan andre av dei 29 faga ein kan gå vidare på freistar vi også å legge til rette for det.

Det viktigaste er å bli kjend med verkty og å skaffe elevane den basiskompetansen som vert kravd for å kunne gjere enkle jobbar. Etter kvart er målet å klargjere elevane for å komme ut i ei bedrift. I hovudsak jobbar vi med kundeoppdrag på VG1, og vi har og elevar som har den praktiske opplæringa i bedrift og teoriopplæringa på skulen.

Skulen har lange tradisjonar knytt til samarbeid med lokalt arbeids- og næringsliv. Det er derfor svært naturleg å nytte ulike arenaer i opplæringa til elevane for å knytte saman teori og praksis.

Les meir om andre elevar sine erfaringar med faga, og om

  • Inntakskrav
  • Fag- og timefordeling
  • Yrke og kompetanse

vilbli.no.