Køyretøy og Byggfag er samla i denne fløyen

Køyretøy og Byggfag er samla i denne fløyen

VG 2 Køyretøy ved Måløy vidaregåande skule

VG 2 Køyretøy og VG 2 Byggfag tok i bruk sine ombygde lokaler hausten 2020. Lokalitetane er framtidretta og det er teke høgd for endringar som følgje av nye læreplaner frå hausten 2021.

Galleri

Toyota Auris
Toyota Auris
Øvingsbilar Volvo
Volvo S40 og V70
Øvingsrigg Toyota
Toyota øvingsrigg
Diagnoseutstyr 1 Køyretøy
Feilsøkingsprogram på PC
Moderne hjulstillingsutstyr
Hjulstillingsapparat
Dekkarbeid
Hjulutrustningsutstyr

VG 2 Køyretøy har og gjennom ombygginga fått modernisert og tilpassa sine lokalitetar og fått oppdatert ein del av sitt undervisingsutstyr til den standarden som elevane vil finne i ein moderne bilverkstad med omsyn til reparasjon og vedlikehald av både fossile køyretøy og el-køyretøy. Når dei nye læreplanene for VG 2 er på plass, føreset desse ei vidare oppgradering for å dekke dei nye kompetansemåla.

Vidare har VG 2 Køyretøy fått tilgang til moderne køyretøy til undervisingsformål, m.a. ein Toyota Auris frå Toyotanordfjord, ein Volvo V70 og ein Volvo S40 frå Frydenbø, alle med komplett diagnoseutstyr. Bedrifter som Vest Auto og Berge & Co let elevane få tilgang til både informasjon og demonstrasjon av deira verkstadsutstyr og reparasjonssystemer gjennom bedriftsbesøk og besøk ved skulen.

I dei nye læreplanane er og bilskadereperatør blitt ein del av lærevegen frå VG 2 Køyretøy.