Måløy vidaregåande skule
Eit utval av småbamsar

Eit utval av småbamsar Foto: Grethe Midtvik

VG 2 BUA med spontan strikkeaksjon.

Barne- og ungdomsarbeidarklassa tok utfordringa frå Tonje Lysaker i ambulansetenesta i Oslo.

Tonje Lysaker jobbar innafor ambulansetenesta i Oslo. Ho og hennar kollegaer hadde eit ønskje om å kunne tilby dei minste pasientane ein liten trøystepremie når dei hamna i den «skumle» gule bilen. Resultatet var at ho sette i gong med produksjon av små strikka bamsar som dei let bli dei unge ambulansepasientane sine nye vennar.

Då elevane i BUA fekk høyre om dette, synes dei at det var ein svært god ide, og dei sette i gong produksjon av slike små strikka bamsar. Alle småbamsane er oversendt kontaktpersonen i Sogn og Fjordane, Johanne Ohnstad Bakk.

Om du ønskjer å gjere som våre elevar, og ønskjer å støtte denne saka, så finn du oppskrifter og info på Facebooksida Lommevenn.

Tips ein ven Skriv ut