Inngang til TIF sine verkstader i C fløyen

Inngang til TIF sine verkstader i C fløyen

VG 1 Teknologi og Industrifag ved Måløy vidaregåande skule.

Etter å ha levd eit omflakkande liv i leigde lokaler sidan hausten 2018, er TIF avdelinga endeleg begynt å føle at dei er komne «heim». Som det VG 1 kurset ved Måløy vidaregåande skule med det breiaste tilbodet for vidare studiar, ønskjer vi no å vise fram noko av det som VG 1 TIF kan tilby elevane som skal ta til på vidaregåande opplæring frå hausten.

Galleri

Ny CNC styrd dreiebenk
Ny CNC styrd dreiebenk
Haas CNC fres
CNC styrd fres
Elektrotavler
Oppdaterte motorstyringar
Robotisering
Robotisering
PLS styring Siemens
PLS styringssystem
Kempi sveis
Oppdatert sveiseutstyr
Fresemaskin1
Ny fresemaskin
Nye manuelle dreiebenkar
Nye dreiebenkar
Nytt verkstadsutstyr
Nye verktøymaskiner
Komposittlab
Ny komposittlab

Etter ein lang ombyggingsperiode på skulen med påfølgande forseinkingar, er verkstadane og laboratoria til VG 1 TIF no i ferd med å få si endeleg utforming og nytt og oppdatert øvingsutstyr. Verkstadane er delvis oppgradert med nye maskiner for å støtte opplæringa i kompetansemåla i dei nye læreplanane, samstundes som laboratoria er oppgraderte med naudsynleg utstyr. 

Skulen har mellom anna fått montert og oppgradert datastyrd dreiebenk og fres med eigen simulator, ein har fått modernisert og oppgradert øvingstavlene for elektro styringsteknikk med mogelegheit for frekvensstyring av motorar, ein har fått kjøpt inn programmerbare øvingsbrett frå Arduino som styrer m.a. tilhøyrande robotarmar som skal brukast til grunnleggande programmering av styringssystem innafor robotisering og automatisering. Alle pneumatikk- og hydraulikktavler er utstyrt med Siemens PLS for styring av automatiserte operasjonar med tilhøyrande simulerings- og programmeringsverktøy. Dette for å dekke inn nye kompetansemål for elevar som vel ei mekanisk utdanning vidare, samt dei som vil søkje eit kryssløp til VG2 Automatisering. Det er investert i nytt samanføyingsutstyr for mjuklodding og plastsveising, nye sveiseapparat for TIG, MIG/MAG og elektrode er på plass, samt at tre 3D skrivarar (saman med dei CNC styrde verkstadsmaskinane) kan brukast mot 3D teikneprogrammet Autodesk Inventor Pro og som inngår i opplæringa i dataassistert konstruksjon og produksjon (DAK/DAP). I tillegg har skulen eit datastyrd brennebord for nøyaktig utskjering av stålplater.

Dei nye læreplanane som vart tekne i bruk hausten 2020 har endra opplæringa innafor fagområdet, og vil være med å gjere utdanninga innafor Teknologi og Industrifag framtidsretta og meir i tråd med den kompetansen som vert etterspurd i næringslivet. Skulen har og fått laga til lokalar for å gi dei elevane som ønskjer det, ei fagleg fordjuping i Plast- og Komposittfaget etter eit sterkt ønskje frå bedriftene knytt til Teknopollen.

Vidare er arbeidet i gang med etableringa av ein moderne miljøstasjon for opplæring i handsaming av farleg og miljøskadeleg avfall etter dei krav som ligg i forureiningslova.

Eit slikt tilbod vil kunne gi elevane som søkjer vidare opplæring innafor VG 2 Transport og logistikk verdifull grunnkompetanse.

Ein liten smakebit på programmering av robotarm

Ved Måløy vidaregåande skule vil ein etter VG1 TIF kunne velje anten spesialisering innan køyretøyfaga eller innan maritime fag. Ser ein på alle fagvala, vil ein kunne velje 18 forskjellige VG 2 løp (inkludert kryssløp), og totalt 93 fagretningar som lærling. (sjå oversikta på https://www.vilbli.no/ )

For dei som ønskjer høgare utdanning kan studiekompetanse etter yrkesfag veljast, ein kan ta fagskuleutdanning innan fagområdet eller ein kan nytte seg av mogelegheita til å ta Y-veien til høgare utdanning. Dei to siste føreset at ein har fagbrev, svennebrev eller yrkeskompetanse. Du kan lese meir om desse mogelegheitene for høgare utdanning etter yrkesfag på https://utdanning.no/

Måløy vidaregåande skule har og eit tilbod om YSK utdanning (Yrkes- og Studie Kompetanse) innan Industriteknologi, Akvakultur og Helsefag. Her får elevane praktisk opplæring for det meste i bedrift, og gjennomfører teoriopplæringa i programfaga, og spesiell studiekompetanse i fellesfaga, på skulen. Etter 4 år kan ein ta fagbrev, samt at ein har studiekompetanse som kvalifiserer til inntak til alle studiar på universiteta og høgskulane. Les meir om denne utdanninga med inntakskrav og korleis søke på https://www.maloy.vgs.no/