Måløy vidaregåande skule
Demonstrasjon på video

Demonstrasjon på video Foto: Cecilie Bredesen Hamre

Verkelegheitsnær undervising innan biologi

Førre veke fekk ei gruppe elevar prøve seg på disseksjon av grisungar. Både biologielevar i 2STA og helseelevar i 1YSK deltok.

Læra om kroppen si oppbygging og funksjon er ein stor og viktig del av opplæringa til elevane. Sidan grisen sin anatomi ikkje er så ulik menneskets, er dette eit ideelt dyr å utforske. Elevane undersøkte både organa i bukhola og brysthola. Hovudfokuset for dagen var respirasjons- og sirkulasjonssystemet. Elevane blåste luft i lungene for å sjå korleis lungevevet fungerte, og dei fekk opne eit stor grisehjerte for å blant anna sjå korleis dei ulike hjerteklaffane er bygde opp. Etter disseksjonen samanfatta elevane observasjonane og resultata sine i ein fagleg rapport.

Til informasjon: Grisungar har ein dødelegheit på 5-15 %. Dei grisungane vi brukte til forsøk har alle døydd av naturlege årsaker.

Alle bilder Cecilie Bredesen Hamre

 

Her vert innsida av hjartet undersøkt

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Her undersøkjer dei korleis lungene fungerar

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kyndig rettleiing undervegs

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Og til slutt var det å teste ut nyvunnen kunnskap: Kunsten å svelge opp ned……

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut