HO klassa samla ved ambulansen

HO klassa samla ved ambulansen Foto: Grethe Midtvik

Velkommen til utdanningsval 2019

Måndag 28. oktober og tysdag 29. oktober er det klart for Utdanningsval for 10. klassingane.

Hovedtyngda av elevane kjem frå Nordfjordkommunane. Vi ser og ei stor auke i elevar frå Florø området og Bremanger som ønskjer å besøke skulen. Dei mest populære linene er Naturbruk (Akvakultur og Fiske) samt Helse og Oppvekst. Sidan talet besøkande er så høgt, om lag 140 elevar, må vi i år flytte samlinga av elevane til Samfunnshallen då skulen sitt Auditorium vert for lite.

På grunna av rehabilitering og ombygging av deler av skulebygga, vil det vere nokre endringar for dei besøkande denne hausten og. Dei som vel Måløy Vidaregåande Skule til neste skuleår kan glede seg til ein «ny» skule med moderne klasserom og verkstadar.

Nytt frå hausten 2020 er at det vert innført nye læreplaner for vidaregåande opplæring. Dei endelege læreplanene skal være klar våren 2020 for alle VG1 kursa. Vi ser at det kan verte endringar i både fagnamn og innhald for dei fleste linene.  Dei siste forslaga til nye læreplaner for Yrkesfaga finn du her: Forslag nye læreplaner VG1 Yrkesfag , og for Studieførebuande finn du forslaget her: Skisser til nye læreplaner VG1 Studieførebuande

Dei førebelse programma for dagane ser slik ut:

Bygg og anleggsteknikk

Helse og oppvekstfag

Naturbruk

Restaurant og matfag

Studiespesialisering

TIP

YSK Akva

YSK Helse

YSK TIP

OBS. Det kan verte små endringar i programma

Måløy Vidaregåande Skule ønskjer alle 10. klassingane velkommne til skulen, og vi vil gjere vårt beste for at de skal få nyttig informasjon om dei tilboda skulen har.

NB. Måløy Vidaregåande Skule ønskjer å bruke bilete av dei besøkande til oppslag på sine heimesider og Facebooksider. Dei besøkande som vil reservere seg mot dette, må informere rådgjevarane ved Måløy Vidaregåande Skule på førehand.