Måløy vidaregåande skule
Elevmentorar

Elevmentorar Foto: Bjarne Husevåg

Velkommen til skulestart.

Måløy Vidaregåande Skule ønskjer alle nye og gamle elevar vel møtt til nytt skuleår.

Skuleåret startar Måndag 19.august kl 08.30 i Samfunnshallen. Elevmentorane ved skulen vil møte elevane på skulen sitt uteområde før skulestart, og vil vise veg for dei som ikkje er kjende ved skulen.

Programmet for fyrste skuledag ser slik ut:

08:00 – 08:30             Elevmentorane møter nye og gamle elevar ved busstoppen.

08:30                          Velkommen til nytt skuleår i Samfunnshallen

Om lag kl. 09:00        Vg2, Vg3 og Vg4 elevane går med sine kontaktlærarar til klasseromma.

                                  Vg1 klassene går, etter opprop, til sine klasserom saman med kontaktlærarar og elevmentorar.

                                  Tida fram til lunsj kl. 11.50 har kontaktlærarane til disposisjon med si klasse.

11.50 – 12.20            Lunsj

12.20 – 15.40            Undervising etter timeplanane for VG1, VG2, VG3 og VG4 klassene

Timeplanane for klassene finn ein under snarvegar oppe til høgre på heimesida til Måløy Vidaregåande Skule www.maloy.vgs.no

På grunn av ombygging, vil uteområdet omkring B og C fløyen vere avsperra med anleggsgjerde. Vi ber elevane om å respekterer dei anleggsgjerda som er sett opp. Det vert gitt meir informasjon på måndag. Elevar og tilsette kan parkere på oppmerka plassar ved modulskulen, Nordfjordhallen, ved C-fløyen og ved D fløyen.

Vel møtt.

Åsta Navelsaker Røed

-rektor-

Tips ein ven Skriv ut