Måløy vidaregåande skule
Måløy Vidaregåande Skule

Måløy Vidaregåande Skule Foto: Atle Råsberg

Velkommen til skulestart ved Måløy Vidaregåande Skule

Skuleåret 2017/2018 startar måndag 21. august kl 08.30. Elevane møter i Samfunnshallen der det vert oppstart av skuleåret ved rektor Åsta Navelsaker Røed.

Etter helsingstalar og kulturelt innslag skal klassene møte på sine basisrom saman med kontaktlærar for meir informasjon og utdeling av skulebøker.

VG2 og VG3 klassene, samt YSK 3 og YSK 4 vil ta til med undervisinga etter lunsj kl 12:20.

VG1 klassene vil bruke dagen til å verte kjende med skulen og rutinane som gjeld.

Kantina er open frå kl 09.15 til kl 14.15. Her vil det være mogeleg å kunne kjøpe seg mat for dei som ikkje har med niste.

Tilsette ved skulen ynskjer nye og gamle elevar velkomne til eit nytt skuleår!

Tips ein ven Skriv ut