Måløy vidaregåande skule
Skuleanlegget

Skuleanlegget

Velkommen til skulestart 2021.

Alle elevane møter i Samfunnshallen kl 08.30. Det vil være rettleiarar ved busstoppen som viser veg for nye og ukjende elevar.

Leiinga og dei tilsette ved Måløy vidaregåande skule vil få ønskje nye og gamle elevar velkommen til skulestart. I år er vi tilbake med felles samling i Samfunnshallen, der den offisielle starten vil bli markert. Etter at den er ferdig vil elevane bli delt klassevis, og går med kontaktlærar til sine basisrom.

Etter lunsj vil ein prøve å kome i gang etter timeplana. Vi minner i denne samanhengen om at elevane skal ha med PC den fyrste skuledagen.

Det er og på sin plass å minne om endring i bussrutene frå mandag. Grunna at Skran Skule flyttar inn i Modulskulen, vil skulebussane gå frå terminalen på Gotteberg kl. 08.15. og køyrer då gt 1 til kommunehuset opp i gt 2 og over brua til Tennebø. 

At Skram skule flyttar inn i Modulskulen vil og gjere at parkeringsplassen ved Skavøypoll stadion og Nordfjordhallen vert nytta av dei tilsette ved Skram, og vi ber om at all parkering ved vidaregåande skjer på grusbana. Parkeringsplassane framfor B-fløya og langs riksvegen er reserverte plassar for skulen sine bilar og gjester til skulen. Ved D-fløyen er det ingen endringar i parkeringa.

Sjølv om smitteberedskapen er på grønt nivå ved Måløy vgs, ber vi og om at elevane rettar seg etter den oppfordringa som helseministeren har gjentatt sidan mars månad i 2020: HUSK Å HALDE AVSTAND OG VASK HENDENE er framleis høgaktuelt, ettersom det dukkar opp lokale smitteutbrot som kan medføre endå strengare restriksjonar. Og ettersom vi no samlar elevar frå mange lokalsamfunn, så veit vi ikkje om nokon kan ha med seg smitte utan å være klar over det. Det er plassert ut AntiBac ved inngangane. Bruk den til å desinfisere hendene.

OBS. Det er stadfesta smitte i Vågsøy seint på søndag kveld, og vi ber om at elevar som har symptom på Covid, eller som kommunelegen har sett i karantene,  ikkje møter på skulen før dei har testa seg. Gi beskjed til skulen på telefon 57 63 97 00.

Program mandag 16. august

08.30 - 09.15: Vi samlast i Samfunnshallen og ønskjer kvarandre Velkommen til skulestart

09.15 – 09.40: Klassene går til sine klasserom saman med sin kontaktlærar

09.45 – 11.50: Informasjon om skulestart av kontaktlærar. Faglæarane i klassa vil prøve å stikke innom og presentere seg.

11.50 – 12.20: Lunsj

12.20 – 15.40: Undervising etter timeplana.