Måløy vidaregåande skule
Skuleanlegget

Skuleanlegget

Velkommen til nytt skuleår måndag 17.august kl 08.30

Alle elevane møter i sine klasserom. Det vert synleg personell og elevmentorar i skuleområdet som vil vise elevane til sine klasserom. Dersom du ikkje kan møte fyrste skuledagen på grunn av sjukdom eller Koronakarantene, må du kontakte skulen på telefon 57 63 79 00.

Det ser ut for at både elevar og lærarar har våkna til liv etter ein heller laber sommar. Det einaste som ikkje ser ut for å ha teke sommarferie, er Koronaviruset.

Vi prøver likevel å komme oss tilbake i normale rutinar, sjølv om vi nok må gjere nokre tilpassingar i høve til den smittesituasjonen som eksisterer. No ved skulestart er smittesituasjonen ved Måløy vgs definert som GULT smittenivå.

Det vert IKKJE felles oppmøte i Samfunnshallen slik det er til vanleg. Når elevane kjem til skulen på måndags morningen, skal både nye og gamle elevar gå til sine klasserom etter oppsett liste. Elevmentorane i sine svarte t-skjorter, leiing og miljøkoordinatorar med gule refleksvestar, vil møte elevane på busshaldeplassen framfor B-fløya og ved inngangane til dei forskjellige bygga, og ønskje alle velkommen, og rettleie elevane kor dei skal møte. Alle nye elevar som er tekne inn på eit VG1 kurs, vil bli følgd til det klasserommet/auditoriet der dei skal være.

I klasserommet vil elevane bli møtt av den som skal være kontaktlærar, og desse vil då ha dei nye elevane fram til lunsj kl 11.50. Etter lunsj vil ein prøve å kome i gang etter timeplana. Vi minner i denne samanhengen om at elevane skal ha med PC den fyrste skuledagen.

Før sommarferien flytta vi ut av Modulskulen. No skal det flyttast inn i den nyoppussa C-fløyen. I skrivande stund er ikkje alt klart, men klasseromma er oppe å går slik at det skal skal være mogeleg å kome i gang. Nærare orientering vert gitt av kontaktlærarane på måndag før lunsj.

Ombygginga har dessutan medført endringar i parkeringa ved skulen. Mot riksvegen er det no to ladestasjonar for elbil, reserverte parkeringsplassar for leiinga og gjester. Alle andre SKAL parkere på grusbana, framfor modulbygget eller på parkeringsplassen til Nordfjordhallen. Parkeringsplassane mellom køyretøyavdelinga og busstoppet er reservert skulen sine bilar og kundebilar. Det er ikkje endring i parkeringa ved D-fløyen

Koronaviruset har diverre hatt ein god sommar i forhold til å spreie seg utover land og strand. Dette medfører at skulen har ein smittevernstatus som er definert som gult farenivå. Det medfører at det er restriksjonar som vil avgrense ein del aktivitetar på skulen. Oppfordringa som helseministeren har gjentatt sidan mars månad HUSK Å HALDE AVSTAND OG VASK HENDENE er framleis høgaktuell, ettersom det dukkar opp lokale smitteutbrot som kan medføre endå strengare restriksjonar. Og ettersom vi no samlar elevar frå mange lokalsamfunn, så veit vi ikkje om nokon kan ha med seg smitte utan å være klar over det. Det er plassert ut AntiBac ved inngangane. Bruk den til å desinfisere hendene. Sjå elles den utsende SMSen frå Opplæringsavdelinga til alle elevane.

Utdanningsdirektoratet har laga ei nettside med informasjon om koronasituasjonen, og på denne sida vil du mellom anna finne smittevernrettleiar som gir retningsliner for korleis både elevar og tilsette skal forhalde seg til skulekvardagen. Rettleiaren finn du her:

Skole – informasjon om koronasituasjonen

Romfordeling VG1

Klasse

Bygg

Rom

Kontaktlærar

VG1 Bygg

B-fløyen

B 110

Egil Holvik

VG1 Helse og omsorg

A-fløyen 2.etg

A 123

Grethe Midtvik

VG1 IT og medieproduksjon

A-fløyen 2.etg

A 215

Anita Sandsøy Rotihaug

VG1 Naturbruk A

D-fløyen

D 213

Tor Erik Liset

VG1 Naturbruk B

D-fløyen

D 212

Monica Elin Kråkenes

VG1 Restaurant og matfag

D-fløyen

D 211

Bente Iren Vonheim

VG1 Studiespesialisering

C-fløyen 2.etg

C 222

Per Magne Løken

Bente Olseth

VG1 Teknologi og industrifag A

C-fløyen 1.etg

C 111

Andreas Rundereim

VG1 Teknologi og industrifag

C-fløyen 1.etg

C 110

Kåre Pettersen

VG1 YSK/TAF

A-fløyen

A 120

Kåre Nordpoll

Ida Gangeskar

Kariann Myklebust Fagerli

 

Romfordeling VG2

Klasse

Bygg

Rom

Kontaktlærar

2 AKA

C-fløyen

Kjemilabben

Eli Refvik

2 BUA

A-fløyen

A 214

Ingri Føleide Hagen

2 BYA

C-fløyen 1.etg

C 105 Fysikklabben

Tommy Storøy

2 FFA

D-fløyen

SIM

Stig Oldeide

2 KTA

B-fløyen

B 101

John Arve Tenden

2 MAA

D-fløyen

Auditorium

Silje E. Restad Edvardsen

2 MAB

D-fløyen

Auditorium

Tor Helge Holvik Hansen

2 STA

C-fløyen 2.etg

C 211

Amalie Alsaker Hopland

Anne-Linn Almenning

 

Romfordeling VG3

Klasse

Bygg

Rom

Kontaktlærar

3 STA

C-fløyen 2.etg

C 216

Erik Gotteberg Eide

Heidi Brendsdal Myhre

3 YSKA

C-fløyen 2.etg

C 205

Ragnhild Elin Fimreite

4 YSKA

C-fløyen 2.etg

C 227

Ann-Elin Røed Leftwich