Måløy vidaregåande skule
Klatrevegg

Klatrevegg Foto: Vågsøy Klatreklubb

Velkommen til aktivitetsdag onsdag 13.desember.

I god tradisjon vert den andre av aktivitetsdagane i skuleåret avvikla i Nordfjordhallen på onsdag. Programmet for dagen ser slik ut:

Program aktivitetsdag.jpg

Kroppsøvingsseksjonen har lagt ned eit omfattande arbeid i arrangementet, og det skal være litt av kvart å ta del i. Her er Fotballturnering, Volleyballturnering, Klatring i klatreveggen, Yoga, Bordtennisturnering og opent treningsrom. Det vert utdeling av frukt i hallen. Kantina er open heile dagen. Du har tilgang til garderobe

Leiinga ønskjer at dette skal verte ein flott dag med mykje aktivitet.

Kampoppsettet vert offentleggjort i løpet av tysdag. Skal ein kome i mål tidsmessig, må alle være klar til deira kamp startar.

Tips ein ven Skriv ut