Måløy vidaregåande skule
Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

Vaksenopplæringa i Sogn og Fjordane med eigen servicetelefon

Måndag 17. september opnar Sogn og Fjordane fylkeskommune servicetelefon for vaksne over 25 år.

Tenesta er for dei som ynskjer rettleiing om vidaregåande opplæring tilrettelagt for vaksne, praksiskandidatordninga, fagbrev for vaksne, karriererettleiing, godkjenning av tidlegare og utanlandsk utdanning og realkompetansevurdering.

Alle vaksne som ynskjer rettleiing eller informasjon om desse spørsmåla, kan ringe tlf. 404 30 100, måndag – torsdag mellom kl. 12.00 og 14.00. Her vil ein kunne få svar på spørsmål og vidare rettleiing.

Dersom ein ynskjer kontakt utanom opningstidene, kan ein nytte e-post vaksen@sfj.no

 

Tips ein ven Skriv ut