Måløy vidaregåande skule
Det vanka blomster og gåver frå skulen

Det vanka blomster og gåver frå skulen

Vårt store muntrasjonsråd Pål har slutta ved skulen

Etter ei samla tid på 14 år som elev og tilsett ved Måløy Vidaregåande Skule vart Pål Svarstad i dag takka av som tilsett ved Måløy Vidaregåande Skule av avdelingsleiar Håvar Fagerli.

Galleri

Per Magne overrekte gåve frå skulen
Per Magne overrekte gåve frå skulen
Inger overrekte gåve frå kollegaene
Inger overrekte gåve frå kollegaene

Etter gjennomførd skulegang ved Restaurant og Matfag, gjennomførde Pål læretid ved kantina på skulen. Etter læretida jobba han m.a. med kantinesalg på D-fløyen og på Modulskulen. Etter ei omorganisering fekk han tildelt andre arbeidsoppgåver, og har vore eit fast innslag i skulekvardagen for både tilsette og elevar. Alltid smilande og med ein eller anna vits på lager. I lunsjen i dag, på den siste arbeidsdagen ved Måløy vidaregåande skule, vart det overrekt blomster og gåver som takk for ein god innsats i dei åra han har jobba saman med oss. På vegne av kollegiet vil vi få takke for samarbeidet, og ønskje deg lykke til vidare på din nye arbeidsplass.