Frå venstre: Julie, Patrick, Sindre, Ole-Gunnar, Arnt Ove, Tobias, Per (delvis skjult), Odin på sykkel, Simon (delvis skjult), Jan Erik, Kim-Frode (delvis skjult) og Gard.

Frå venstre: Julie, Patrick, Sindre, Ole-Gunnar, Arnt Ove, Tobias, Per (delvis skjult), Odin på sykkel, Simon (delvis skjult), Jan Erik, Kim-Frode (delvis skjult) og Gard. Foto: Karl Holvik

Våren nærmar seg og med den kjem gamle synder fram

Elevane ved VG1 Naturbruk og AKA brukte deler av ein skuledag til å rydde området rundt D-fløyen og vegen opp til krysset til Nordfjordhallen.

Mengda boss som vart samla saman og kasta i containeren var stor. I tillegg til det som viser på biletet, var det kasta fire fulle sekkar med boss. Om alt bosset har kome med vinden er tvilsamt, det største som vart funne var ein damesykkel. Det vart ikkje einighet om det var ein elev som hadde vore på damebesøk og var seint ute til skulen som hadde kasta den frå seg, eller om det var andre som stod bak gjerninga.

Bossmengda som vart innsamla tilseier at alle brukarane av området, både elevar på vidaregåande og fagskulen, ungdomskulen og brukarane av idrettsbana og Nordfjordhallen bør bli flinkare til å bruke dei oppsette bosskorgene rundt om. Dette har med trivsel å gjere både for dei som brukar området dagleg samt besøkande.

Takk til elevane for vel utførd rydding.

Tips ein ven Skriv ut