Dersom du er over 25 år og ikkje har fullført vidaregåande utdanning før, kan vi tilby gratis vidaregåande opplæring.
Ynskjer du å bli tømrar?
Hausten 2022 ønsker Måløy vgs å starte opp eit fireårig utdanningsløp for vaksne der du kan ta svennebrev som tømrar.
Det vil også vere mogleg for andre løp innan bygg- og anleggsteknikk dersom det er bedrifter som tilbyr læreplass. Skulen samarbeidar med bedrifter innan alle fagområda, og gjer avtale om ulike læreplassar til vaksenopplæringa.
Mange jobbmoglegheiter
Ved å ta utdanning innan bygg- og anleggstekikk vil du utdanne deg i ein bransje som har stort behov for arbeidskraft, og jobbmoglegheitene etter fullført fagbrev er mange.
På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsløpet og dei ulike fagbreva som er mogleg å ta.