Teknologi- og industrifag

Elev som sveisar

Teknologi- og industrifag er ei yrkesfagleg utdanning. Her kan du mellom anna lære meir om maskinar, produksjonsprosessar, automatisering og programmering av robotar. Etter 2 år i skule kan du søkje om læreplass for å ta fagbrev. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje teknologi- og industrifag?

Dersom du har praktisk sans, likar arbeid med verktøy og maskiner og er nysgjerrig på ny teknologi, då kan teknologi- og industrifag vere noko for deg! 

Du kan velge mellom ei lang rekke fagbrev, og til dømes få deg jobb på bilverkstad eller innan oljeindustrien, skipsindustrien eller maritime fag. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

 

Vi tilbyr

Første året går du vg1 teknologi og industrifag som er felles for alle.
Andre året kan du hos oss velge mellom to programområder:

  • vg2 køyretøy
  • vg2 maritime fag, valgfag dekk eller maskin

Vg1 teknologi- og industrifag

Første året handlar om praktisk arbeid med ulike materialer, verktøy og maskinar, i tillegg til teikning både for hand og på data. Kvalitet og tryggleik er ein sentral del av opplæringa.

 



Vg2 køyretøy

Du som vel å utdanne deg i køyretøyfaget møter både rutinearbeid og komplekse feilsøkingsoppgåver. I eit moderne køyretøy finn ein mykje elektronikk, og personbilparken vert meir og meir elektrifisert. Du må vere villig til stadig å lære om ny teknologi.

 

Vg2 maritime fag

Dette er faget for deg som ynskjer ei spanande maritim karriere på havet, anten i styrhuset eller maskina. På maritime fag kan du velje fordjuping mellom to valgfag:

  • Valgfag dekk, Matrosfaget
  • Valgfag maskinn, Skipsmotormekanikarfaget

Valet om fordjuping tek du når skulen startar. Det er viktig at du har gjort deg nokre tanker om kva fordjuping du ønsker før skulestart.

 

Dette lærer du

Når du tek valgfag dekk får du den kompetansen du treng for å kunne gå ut i lære som matros og arbeide ombord på eit fartøy. Du vil lære om vedlikehold av fartøy, fortøyningsoperasjonar, ankring, holde øvelsar og å gå vakter på brua.

Gjennom skuleåret har vi mykje praktisk arbeid, hovudsakleg på skulen sitt eige fartøy. Vi reiser på seilas der du får lære om og øve på dei arbeidsoppgåvene du må kunne for å arbeide som matros. 

 

Tilbod om mange kurs

Det stillast høge sikkerhetskrav til å arbeide på sjøen. I løpet av skuleåret får du fleire relevante kurs som grunnleggende sikkerhetskurs, kurs for sjøfolk med særlige sikringsplikter, MOB og redningsfarkoster, stroppe- og anhukerkurs og radiosertifikat.

 

Krav om helseattest 

Det er krav om godkjent helseattest for å arbeide om bord på båt. Skulen arrangerar besøk av sjømannslege tidlig på skuleåret slik at alle elevar får utført naudsynt helsesjekk. For deg som ynskjer å arbeide som matros er det svært viktig at du har godt fargesyn. Dette anbefaler vi deg å undersøke før du startar på utdanninga. 

 

Utplassering

Vi har ei utplasseringsperiode på inntil fire veker der du får ein forsmak på di framtisige karriere. I denne perioda får du arbeide om bord på eit skip og tileigne deg verdifull yrkesrelevant erfaring. 

 

 

 

 

Dette lærer du 

Når du tek valgfag maskin får du den kompetansen du treng for å kunne gå ut i lære som skipsmotormekanikar og arbeide ombord på eit fartøy. 

Gjennom skuleåret har vi mykje praktisk arbeid, med fast verkstadundervising kvar veke og tilgang til maskinromsimulator. I verkstadundervising skrur vi på motorar og maritimt utstyr.

 

Tilbod om mange kurs

Det stillast høge sikkerhetskrav til å arbeide på sjøen. I løpet av skuleåret får du fleire relevante kurs som grunnleggende sikkerhetskurs, kurs for sjøfolk med særlige sikringsplikter og stroppe- og anhukerkurs.

 

Krav om helseattest

Det er krav om godkjent helseattest for å arbeide om bord på båt. Skulen arrangerar besøk av sjømannslege tidlig på skuleåret slik at alle elevar får utført naudsynt helsesjekk. 

 

Utplassering

I løpet av skuleåret er elevane utplassert inntil 4 veker på båt langs norskekysten.

 

Vegen vidare

Etter to år læretid kan ein ta fagbrev og deretter gå to år på teknisk fagskule for å løyse maskinistsertifikat.