TAF/YSK-modellen fører deg i løpet av 4 år fram til både studiekompetanse og fagbrev. Under utdanninga kombinerer du arbeid i bedrift med å gå på skule. Dei første to åra har du status som elev, dei to siste er du lærling med lærekontrakt.
Kvifor velje TAF/YSK-modellen?
Dersom du er motivert og arbeidssam, og likar realfag som matematikk, fysikk og kjemi - då kan dette vere noko for deg! Dette er ei 4-årig utdanning og du får lærlingløn frå første dag. Utdanninga gir eit særs godt grunnlag for vidare studiar i Noreg eller utlandet.
Vi tilbyr
Hos oss har vi tre ulike retningar du kan velje mellom innan TAF/YSK:
- Akvakultur
- Helsearbeidarfag
- Industriteknologi