Studiespesialisering

Elevar som under eit forsøk i kjemitimen skapar ein eksplosjon av flammar

Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.

Kvifor velje studiespesialisering?

Studiespesialiserande utdanningsprogram legg eit solid grunnlag for vidare studier på universitet og høgskule, både i Noreg og i utlandet. Dette studiet passar både for deg som planlegg å ta høgare utdanning og for deg som er usikker og ynskjer å halde moglegheitene opne. På Måløy vgs ynskjer vi å førebu deg best mogleg for vidare studier gjennom fokus på læring, inspirasjon og trivsel!

 

Innanfor studiespesialisering kan du andre året velje mellom to programområder:

  • Realfag
  • Språk, samfunnsfag og økonomi

 

På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

Vg1 studiespesialisering

Første året er felles for alle som vel studiespesialisering. Dette året blir det lagt stor vekt på innarbeiding av gode arbeidsvanar, studieteknikkar og samarbeid og samhold på skulen. 

På vg1 har du berre fellesfag, desse faga er obligatorisk for alle.

Matematikk
Du kan velje om du vil ta praktisk matematikk (1P) eller teoretisk matematikk (1T). 

Framandspråk
Du må velje deg eit framandspråk. For deg som hadde tysk på ungdomsskulen, kan du fortsette med dette på Vg1, eller du kan velje fransk. Du må ha framandspråk dei første to åra. For deg som ikkje hadde framandspråk på ungdomsskulen tilbyr vi fransk, dette må du ha alle tre åra. 

Vg2 studiespesialisering

Andre året startar du på det programområdet du ønsker. Du kan velje mellom:

  • Realfag
  • Språk, samfunnsfag og økonomi

Dei valfrie faga kallar vi programfag. Du skal velje deg minst tre programfag på vg2. For at du skal få fordjuping må to av programfaga enten høyre til programområdet for realfag eller for spåk, samfunnsfag og økonomi. Det siste programfaget kan du velje fritt, uavhengig av kva programområde det høyrer til.

 

Realfag
Hos oss kan du velje mellom:

  • Matematikk R1
  • Fysikk 1
  • Kjemi 1
  • Biologi 1 / biologi 2

 


Språk, samfunnsfag og økonomi
Hos oss kan du velje mellom:

  • Engelsk 1
  • Økonomistyring
  • Marknadsføring og leiing 1
  • Sosiologi og sosialantropologi / sosialkunnskap
  • Matematikk R1

 

Val av matematikk
På vg2 må du også velje kva for matematikk du ønsker, enten praktisk  matematikk (2P) eller realfagleg matematikk (R1).

Vg3 studiespesialisering

Tredje året skal du fordjupe deg i to av dei programfaga du hadde på vg2. Siste skuleåret legg vi stor vekt på at du skal vere godt førebudd til vidare studiar.

På vg3 skal du velje deg minst tre programfag. Du må fortsette med to av dei programfaga som du hadde på vg2, innanfor det programområdet du har valgt. Det tredje programfaget er valfritt. 

 

Realfag
Hos oss tilbyr vi:

  • Matematikk R2
  • Fysikk 2
  • Kjemi 2
  • Biologi 1 / biologi 2

 

Språk, samfunnsfag og økonomi
Hos oss tilbyr vi:

  • Engelsk 2
  • Økonomi og leiing
  • Marknadsføring og leiing 2
  • Sosiologi og sosialantropologi / sosialkunnskap
  • Matematikk R2