Restaurant- og matfag

Elev og lærar som tilbereder eit fiskemåltid

Har du sans for god mat og god drikke? Er du kreativ og nøyaktig? Har du interesse for kosthald og helse. Er nysgjerrig på smak og nye rettar? Då kan restaurant- og matfag vere noko for deg. Du kan gå 2 år på skule og deretter bli lærling. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje restaurant- og matfag?

Her på skulen har vi eit kjøkken som bostaveleg talt ligg midt i matfatet. Denne unike tilgangen til råvarer meiner mange er grunnen til at vi har så mange dyktige elevar ved linja vår. Når du vel utdanningsprogrammet restaurant- og matfag får du ei allsidig utdanning som kan brukast over heile verda. Du utdannar deg til å kunne arbeide i kreative, spennande og internasjonale miljø. Du bør like å arbeide med mat og vere positivt innstilt til arbeid i eit serviceyrke. Hos oss får du osgå maritime kurs, slik at du er kvalifisert til å jobbe til sjøs både under utplassering og seinare som lærling. 

Du kan få deg jobb som kokk, bakar, ferskvarehandlar, servitør og mykje anna. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

 

Vi tilbyr

Første året går du vg1 restaurant- og matfag som er felles for alle.
Andre året kan du hos oss gå vidare på vg2 kokk- og servitørfag.

Vg1 restaurant- og matfag

På Vg1 restaurant- og matfag lærar du grunnteknikkar innan matlaging, baking, servering og arbeid med kjøtt og fisk. I faget yrkesfagleg fordjuping vil du vere ute i praksis i yrket du ønsker å fordjupe deg i.

 

Vg2 kokk- og servitørfag 

På Vg2 held du fram med å utvikle seg som kokk og servitør, og du vil fordjupe deg i grunnleggande teknikkar. I faget yrkesfagleg fordjuping vil du også vere ute i praksis i eitt av dei tre yrka kokk, institusjonskokk og servitør i løpet av skuleåret. Det er stort behov for faglært arbeidskraft og det er lett å få læreplass i bransjane.