Naturbruk

Fem elevar i båt som dreg opp ei krabbeteine

Er du interessert i natur og miljø, dyr og menneske? Då kan naturbruk passe for deg. Du kan bli lærling etter 1-2 år på skule, og så ta fagbrev. Du kan også gå vidare på Vg3 og ta yrkeskompetanse eller studiekompetanse, avhengig av kva programområde du vel.

Kvifor velje naturbruk?

Om du vil satse på eit yrke innan fiske og havbruk, då er dette rette vegen for deg!

Noreg er ledande nasjon innan fiske og havbruk og du kan få drøymejobben på dei mest moderne fiskebåtane som finnast. Naturbruk gir innføring i ei av Noregs største og viktigaste næringar, nemleg sjømatnæringa. Det handlar om noko så sentralt som å skaffe trygg og sunn mat gjennom bærekraftig oppdrett og hausting av havets ressursar. Her på skulen tilbyr vi naturbruk blå variant, med fordjuping innan fiske og havbruk. Vg1 naturbruk er første steg på vegen til utdanning innan fiske og fangst eller akvakultur ved Måløy vidaregåande skule. 

På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

 

Vi tilbyr

Første året går du vg1 naturbruk som er felles for alle.
Andre året kan du hos oss velge mellom to programområder:

  • vg2 akvakultur
  • vg2 fiske og fangst

Vg1 naturbruk

Naturbruk handlar om korleis ein kan driva næring basert på naturressursar. Første året skal programfaga legge grunnlag for sikker matproduksjon og for aktivitet og opplevingar med dyr og natur. Du vil òg lære deg å forstå samspelet mellom natur, samfunn, økonomi og berekraft. Naturbruk på vg1 handlar mellom anna om akvakultur, fiske, landbruk og skogbruk.

Vg2 akvakultur

Oppdrett av ulike fiskeartar er ei av Noregs viktigaste næringar, og denne næringa vil i framtida berre fortsette å vekse. I løpet av studiet vil du lære om oppdrett av fisk, biologi, teknologi, fiskefôr, fiskehelse, bedriftslære, økonomi, miljø og tryggleik.

Vg2 fiske og fangst

Dette er vegen for deg som vil bli fiskar, eller ser for deg ei framtid som fiskeskippar. I løpet av skuleåret vil du lære om navigasjon, skipslære og sjømansskkap, i tillegg til økonomi, økologi og arbeid med fiskereiskap.