Informasjonsteknologi og medieproduksjon

To elevar som sit framfor nokre dataskjermar. den eine eleven held eit videokamera i handa.

Dette er faget for deg som er kreativ og interessert i IT, nettverk og visuelle uttrykksformer. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje informasjonsteknologi og medieproduksjon?

Dersom du likar å jobbe med data og programmering, eller ser for deg eit yrke innan tv, foto, film eller grafisk design, då kan dette vere vere noko for deg! 

Du kan til dømes få deg jobb som IT-utviklar i eit IT-selskap, eller arbeide som mediedesignar i eit reklamebyrå. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

 

Vi tilbyr

Første året går du vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon som er felles for alle.
Andre året kan du hos oss gå vidare på vg2 informasjonsteknologi. 

Vg1 informasjonsteknologi og medieproduksjon

I løpet av det første året får du spennande innføring i programmering, kommunikasjon, design og teknologi. Du får blant anna øve på å sette opp datanettverk og lage nettsider frå botnen, og du vil lære om foto og film. 

Vg2 informasjonsteknologi

Vg2 informasjonsteknologi handlar om å rettleie brukaren i å nytte sikre og brukarvennlege IT-løysningar og å utvikle slike løysningar. Du vil lære korleis informasjonsteknologi kan brukast og misbrukast, og korleis løysningar kan beskyttast mot truslar og innsyn. Det blir lagt til rette for at du skal få utvikle kritisk tenking, sjølvstend og kreativitet, og til at du får omsette idear til handling.