Helse- og oppvekstfag

Eit skilt med ordet vennskap

Helse- og oppvekstfag er ei yrkesfagleg utdanning og er for deg som er omsorgsfull og liker å samhandle med andre. Etter 2 år på skule kan du gå ut i lære. Du kan også ta påbygg til generell studiekompetanse før eller etter læretida.

Kvifor velje helse- og oppvekstfag?

Dersom du likar å jobbe med mennesker og set pris på å hjelpe andre, då kan helse- og oppvekstfag vere noko for deg! 

Du kan ta fagbrev som ambulansearbeidar, barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar og mykje anna. På vilbli.no finn du meir informasjon om utdanningsprogrammet og kva du kan bli.

 

Vi tilbyr

Første året går du vg1 helse- og oppvekstfag som er felles for alle.
Andre året kan du hos oss gå vidare på vg2 barne- og ungdomsarbeidarfaget. 

Vg1 helse- og oppvekstfag

Første året vil du lære om korleis gje omsorg til deg sjølv og andre mennesker. Du vil få grunnleggande kunnskap om korleis kroppen er bygd opp og fungerer, korleis ta vare på eiga og andre si helse, om ulike livsstilsjukdomar, kommunikasjon med mennesker i ulike livsfaser, om ulike yrker du kan utdanne deg til og korleis vere ein god yrkesutøvar. 

Vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag

På vg2 barne- og ungdomsarbeidarfag lærer du korleis du kan bidra til ein trygg og god oppvekst for barn og ungdom i alderen 0-18 år. Du lærer mellom anna om utviklinga til barn og ungdom, og korleis legge til rette for og gjennomføre pedagogiske tilbod i ulike aldergrupper. Vidare lærer du å fremme fellesskap og samhald i eit miljø prega av leik, utforsking og læring.