Måløy vidaregåande skule
Hjortefarmen på Nave

Hjortefarmen på Nave Foto: Grethe Midtvik

Ut på tur med eldre heimebuande i Vågsøy

Heimetenesta i Vågsøy Kommune inviterte torsdag 1 juni Helse og oppvekstklassa med på  tur saman med heimebuande eldre frå Vågsøy.

Både dei eldre og elevane hadde ein kjekk og sosial dag saman. Turen gjekk med buss til Nave og Hjortefarmen. Her fekk ein god servering og ein fekk helse på fleire flott dyr. Noko både dei eldre og ungdommane vart svært begeistra for. Det var god stemning i den fine sommardagen.

Etterpå var det middag i Grendahuset på Bryggja. Her serverte ein middag til dei eldre og ungdomen. Ei flott avslutning på ein kjekk tur.

Vi takkar for at vi blei inviterte med. Det vart eit flott minne for oss alle.

Her er nokre minner frå turen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut