Måløy vidaregåande skule
Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde 1 HSA

Universell utforming

Universell utforming er at alle skal ha moglegheita till å vere med i samfunnet, uansett funksjonsevne.

Det er fyrst når eit menneske med funksjonsnedsetting ikkje klarar møte samfunnets/omgjevnaden sine krav at dei opplever ei funksjonshemming. Dette har vi lært at vi alle må tenke på og ta ansvar for. Universell utforming handla om eit samfunn for alle, det kan også betyr at det skal være enkelt å ha med seg barnevogn og sykkel rundt omkring på offentlege stadar. Måndag den 5 november hadde vi i helse- og oppvekstfag fagdag som blant anna handla om dette. Vi har fått i oppgåve å utforske universell utforming i lokalmiljøet denne veka. På måndag hadde vi fyrst om universell utforming på skulen før vi fekk ei praktisk og teoretisk utfylling med Birte Sandal og Kåre Bakke (TUSEN TAKK). Dei tok oss med på omvising på ungdomsskulen og i fleirbrukshallen. Ungdomsskulen er godt tilpassa for alle og gav oss gode praksiseksempel på korleis ein kan tenkje for å bygge et inkluderande samfunn.

Etter ungdomsskulebesøket reiste vi ned i Måløy sentrum. Her utforska vi korleis det kan kjennast å ha ei funksjonsnedsetting i Måløy. Vi hadde med oss blant anna rullator, rullestol og blindestokk. Vi opplevde det som ein vanskeleg og krevjande oppgåve og komme seg fram i sentrum. Berre det og komme seg over vegen var ei stor utfordring grunna manglande nedfelte fortau. Vi er samde i at Måløy sentrum har eit stort forbetrings potensiale.

Torsdag gjorde vi det same her på vidaregåande. Vi erfarte at skulen har eit stort forbetringspotensiale, spesielt i høve om nokon skulle få ei rørslehemming, synshemming eller høyrselshemming.

Elevane uttrykkjer at det har vært eit kjekt og lærerikt prosjekt. Dei avslutta arbeidet med mykje respekt for menneske som opplever utfordringar med å komme seg frem i samfunnet.

Tekst utarbeida i samarbeid med Malene og Henriette i Vg1 Helse- og oppvekstfag.

Alle foto 1HSA

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tips ein ven Skriv ut