Venke Vedvik Nilsen

Venke Vedvik Nilsen Foto: Bjarne Husevåg

Tusen takk Venke.

Ein medarbeidar som har vore med dei fleste av oss sidan vi starta ved Måløy Vidaregåande Skule, takkar no av.

Måndag 30.april er siste arbeidsdagen til Venke Vedvik Nilsen, eit kjent fjes for elevane og dei tilsette. Gjennom sin jobb som kontortilsett har ho hatt ansvar for det meste, frå å være telefondame til lønnsarbeid og ikkje minst å få ut karakterane til elevane til rett tid. Vi kan ikkje huske at det gode og varme smilet og kommentaren ikkje har vore på plass, uansett kor stressande arbeidet har vore.

Vi ønskjer Venke til lykke med pensjonisttilvære, og håpar å sjå henne med jamne mellomrom, sjølv om ho no vel å gjere austlending av seg.

Tips ein ven Skriv ut