Måløy vidaregåande skule
Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde

Trafikktryggleik og refleksbruk

Vintermørke er her, og vi oppmodar alle til å nytte refleks.

Miljøkoordinatorane Anne Grete og Inga, i samarbeid med Politiet i Vågsøy og rektor Åsta Navelsaker Røed, vil måndag morgon møte elevane som kjem til skulen med utdeling av refleks. Det vert sterkt oppmoda om at elevane og tilsette som beveger seg gjennom krysset mot modulskulen og maritim avdeling, brukar refleks i desse mørketider. Politiet gjer både elevar og tilsette merksame på at dei mjuke trafikantane har eit ansvaret for å tilpasse seg trafikken, og ikkje minst være synlege spesielt i dette krysset.

Oppmodinga frå politi, miljøkoordinatorar og skulen er:

Bruk refleks – vi har ingen å miste.

Skulen har tidlegare dette skuleåret gått ut og oppfordra elevane til å bruke  gangvegen frå Nordfjordhallen og ned til modulskulen i staden for bilvegen med til maritim avdeling.

Faktafilm om refleks

Tips ein ven Skriv ut