Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde Foto: Nettavisen.no

Trafikkopplæring for elevar i vidaregåande.

I Måløyområdet har vi to trafikkskular som driv med opplæring.

iSving Trafikkopplæring Måløy AS, held til i gt.1 i Måløy, og vert driven av Sverre-Johny Solheim. Trafikkskulen har eit samarbeid med 2 andre trafikkskular i Nordfjord. Heimesida er www.isving.no , vel iSving Måløy.

Team Trafikkskule AS held til i Måløy Storsenter i Deknepollen, og vert driven av Mats Frantzen. Heimeside www.teamtrafikk.no

Begge trafikkskulane tilbyr trafikalt grunnkurs, opplæring for moped, samt teorikurs og køyretimar for bil klasse B, B Automatgir, B96 og BE. iSving tilbyr og opplæring for klasse A, A1 og A2..

For presentasjon av trafikkskulane, prisar og påmelding til kurs, kontakt trafikkskulane (sjå lenker i artikkelen).

 

Fråvær knytt til køyreopplæring

Regjeringa har gjort endringar i Forskrift til opplæringslova, https://lovdata.no/forskrift/2006-06-23-724/§3-3, Grunnlaget for vurdering i fag, noko som innebær at elevane i vidaregåande skule vil kunne gjevast unntak for deler av trafikkopplæringa til førarkort klasse B.

Frå 1. august 2019 er det vedteke at delar av køyreopplæringa til førarkort klasse B skal unntakas frå fråværsgrensen. Dette gjeld:

•Sikkerhetskurs på bane (4 timar) - Glattkøyring

•Sikkerhetskurs på veg (5 timar) - Køyring på landeveg

•Sikkerhetskurs på veg (4 timar) - Planlegging og køyring i variert trafikkmiljø

Det er berre gjort unntak frå dei obligatoriske delane av køyreopplæringa som det er vanskelegast å kombinere med skulekvardagen.

 Det er ikkje gjort unntak frå teoretisk og praktisk førarprøve.

 Endringane trer i kraft frå 1. august 2019.

 

For våre elevar vil det også verte behov for at fråvær grunna reisetid knytt til den obligatoriske delen av køyreopplæringa, heller ikkje skal førast som teljande i høve til fagfråværsgrensa.

  • Alt fråvær skal førast på vitnemålet
  • Timane skal førast på vitnemålet, men dersom eleven ynskjer det, kan ho/han legge ved dokumentasjon på at dette fråværet er knytt til køyreopplæring.
  • Det kan ikkje søkast om sletting av fråvær etter 10 dagars regelen.  

NB! Det er viktig å merke seg at dette er ei forskriftsendring som kun omfattar justeringar i reglane om fråværsgrensa, ikkje i reglane om føring av fråvær på vitnemål og kompetansebevis.

Dokumentasjon knytt til fråvær grunna køyreopplæring, skal leverast til kontaktlærar snarast mogeleg etter gjennomføringa.

 

Lenker:

Fråværsreglement for dei vidaregåande skulane i Sogn og Fjordane

Alt om fråværsgrensa: Utdanningsdirektoratet Udir-3-2016

Køyreopplæring - nye reglar (2019)

www.isving.no

www.teamtrafikk.no

Tips ein ven Skriv ut