Måløy vidaregåande skule
Illustrasjonsbilde ny skulebåt

Illustrasjonsbilde ny skulebåt

To store saker som gjeld Måløy Vidaregåande Skule skal opp i Hovudutvalet for Opplæring 20.11.2018

Den største, og mest avgjerande saka for skulen, er bygging av «Ny Skulebas»

Det er ikkje til å legge skjul på at mange tilsette, både på marine og maritime linjer ved skulen ventar i spenning på den politiske handsaminga om bygging av ny båt til skulen. Dei tilsette både ved Fagskulen i Sogn og Fjordane si avdeling i Måløy og ved Måløy Vidaregåande har vore involverte i utforminga av konseptet som ligg til politisk handsaming. Løysinga ein er komen fram til er det som no ligg i saksførebuinga og som skal gjennom hovudutvalet for opplæring, fylkesutvalet og fylkestinget. Fylkesrådmannen gjer følgjande tilråding:

Fylkesrådmannen rår i saka til at fylkeskommunen investerer i nytt opplæringsfartøy og at fylkeskommunen vert eigar av det nye fartøyet og vert ansvarleg for drifta av dette. I tillegg kjem fylkesrådmannen med tilråding om finansiering av investerings- og driftsutgiftene.

Heile saksutgreiinga finn du her: http://www.sfj.no/offentlig-mote-hovudutval-for-opplaering-20-11-2018.344489.nn.html?mid=108192.4376698c28

 

Den andre saka er opplæringstilbodet for skuleåret 2019/2020.

Ut frå saksframlegget frå fylkesdirektøren for opplæring vil Måløy Vidaregåande Skule kunne lyse ut dei same tilboda som skulen har i dag, og i tillegg ei fylkesdekkande linje VG2 Plast og Kompositt.

Fylkesdirektøren konstaterer at fagopplæringsnemnda er svært oppteken av behova for faglært arbeidskraft i næringslivet, og at nemnda meiner at desse behova må vektleggast, saman med elevane sine ønske. På vg1-nivå har søkarane rett på inntak til eitt av tre valde utdanningsprogram, og desse vala kan fylkesdirektøren ikkje overstyre. Fylkesdirektøren viser til den tette dialogen det har vore med opplæringskontora og fagopplæringsnemnda dei seinare åra for nettopp å tilpasse tilbodsstrukturen til behova for fagarbeidarar. Justering av kapasiteten på vg1 og tilpassingar mellom programområde på vg2 har i stor grad vore gjort på grunnlag av slik dialog. 

Utdanningsprogrammet naturbruk 

I saka om opplæringstilbodet for skuleåret 2018-19 gjorde ein greie for den positive utviklinga i søkinga til vg1 naturbruk, både ved Måløy og Mo og Øyrane vidaregåande skular. Vg2 tilbodet i Måløy er 0,5 gruppe fiske og fangst og 0,5 gruppe akvakultur. Skulen har strekt seg så langt dei kan med omsyn til plasstal, og det er no 8 elevar på vg2 akvakultur og 7 elevar på vg2 fiske og fangst. Resultatet av søkinga til vg2 gir grunnlag for å vurdere om det er behov for å auke gruppetalet for å gje plass til søkarane frå vg1.

Utdanningsprogrammet teknikk og industriell produksjon

Det er eit ønske frå Måløy vidaregåande skule om at VG2 plast og kompositt blir lyst ut igjen. Utlysing av VG2 plast og kompositt vil vere under føresetnad av godkjenning frå Utdanningsdirektoratet. Det viste seg at vi ikkje utan vidare kunne ta i bruk ein godkjent forsøkslæreplan. I samarbeid med skulen vil fylkesdirektøren sende søknad om godkjenning.

I saka om opplæringstilbodet i fjor gjorde ein greie for korleis ein ville løyse auka rekrutteringsgrunnlag til programområdet VG2 plast og kompositt, slik at oppretting av dette programområdet ikkje skulle gi ulemper for andre programområde i utdanningsprogrammet.

Bedriftene som har etterspurt fagarbeidarar i plast- og komposittfaga ønsker ei opplæring i tett samarbeid med bedriftene. Dei ulike bedriftene har ulike kompetanseområde og ulikt utstyr. For at elevane skal få nødvendig breidde i kompetansen og møte læreplanmåla tilrår bedriftene at elevane får høve til å rullere mellom ulike bedrifter.

Maritimt opplæringskontor gjer greie for at dei har behov for fleire lærlingar i lærefag som går ut frå VG2 maritime fag. Det er positivt dersom det igjen er rom for meir enn to grupper, fordi VG2 maritime fag er programområde som i alle år har hatt oversøking. Fylkesdirektøren har ikkje funne rom for å auke kapasiteten no, men også dette behovet vil vere med i vurderingane i justeringsaka våren 2019.

Utdanningsprogrammet service og samferdsel

Vg2 IKT-servicefag vart ikkje sett i gang ved Flora vidaregåande skule inneverande år. Fylkesdirektøren har vurdert læreplasstilgangen, og kan ut frå tal elevar som gjekk ut våren 2018, og som framleis står utan læreplass, ikkje sjå at det er grunnlag for å opprette programområdet skuleåret 2019-20.

Nordfjord opplæringskontor har spelt inn ønske om at Måløy vidaregåande skule også skal har YSK tilbod i IKT-servicefaget. Fylkesdirektøren viser til hovudutvalet for opplæring sitt tidlegare vedtak om YSK-tilbod i VG2 helsearbeidarfaget, VG2 industriteknologi og VG2 akvakultur.

(HO-sak 35/16) Ved Måløy vidaregåande skule vert YSK tilbodet avgrensa til å gjelde vg2 helsearbeidarfag, vg2 industriteknologi og vg2 akvakultur med samla inntil 12 elevplassar innanfor ein grupperessurs per årssteg. Elevar som allereie har starta på eit YSK-tilbod i andre programområde får høve til å fullføre. Ved Mo og Øyrane vidaregåande gjeld YSK tilbodet  vg2 sal, service og sikkerheit med inntil 12 elevplassar.

Tips ein ven Skriv ut