Måløy vidaregåande skule
Gullvinnarane Kristoffer Hansen i 2KTA og Aase Silden Trøen i 2KSA

Gullvinnarane Kristoffer Hansen i 2KTA og Aase Silden Trøen i 2KSA Foto: Bjarne Husevåg

To nye gullmedaljar til elevane våre

Kristoffer Hansen i 2KTA og Aase Silden Trøen i 2KSA tok velfortente gullmedaljar på 60 m sprint under Monsiaden den 5. juni på Eidså. Åse fekk dessutan heiderlege plasseringar på både 400 m og i hopp.

Monsiaden er ei årviss aktivitetsdag og idrettssamling for personar med ulike funksjonshemmingar, og vart starta av lensmann Mons Sandnes i Vanylven i 1995. Leikane vart i år arrangert for 24 gong på Eidså Idrettspark og samla deltakarar frå kommunane på søre Sunnmøre og i Nordfjord. I år var det om lag 150 deltakarar. Mange av desse driv målretta trening heile året for denne samlinga, som av fleire av deltakarane vert beskrive som Vanylven sitt svar på Bislett Games. Trass i at veiret ikkje viste seg frå si beste side denne dagen, stod ikkje prestasjonane noko tilbake for det ein opplever på langt større arrangement. Gleda over å få delta var stor, noko som viste igjen over heile linja frå deltakarane, skuleelevane som organiserte oppvarminga før konkurransane, til dei frivillige som stod for matservering, organisering og sekretariatsfunksjonane.

 

Vi ynskjer at Monsiaden skal vere eit oversikteleg og forutseieleg arrangement, der deltakarane kjenner att aktivitetane og føler meistring. Vi legg stor vekt på at arrangementet er inkluderande, seier Monsiadegeneralen Arne Sandnes, son av Mons Sandnes. På Monsiaden vert det konkurrert i fleire tilpassa idrettsgreiner, samt at det sosiale samværet og vert høgt verdsett.

Merkesteinane er fast husorkester, og står for musikalske innslag under arrangementet ute og samlinga i Eidsåtun med premieutdeling og sosialt samvære etter konkurransen.

 

Her er nokre fleire bilde frå arrangementet. Alle foto: © Helle Frogner

 

Det var folksamt under Monsiaden 2019

 

 

 

 

 

 

 

 

Ordførar Lena Landsverk Sande opna Monsiaden 2019

 

 

 

 

 

 

 

 

Klart for start 400 m

 

 

 

 

 

Det mangla ikkje på heiagjeng under konkurransane

 

 

 

 

 

Tempo og stil under gjennomføringa er heilt sjølvvalgt

 

 

 

 

 

 

 

 

Og meistringsgleda er minst like stor som på langt større arrangement

 

 

 

 

 

 

 

Eit kjent fjes i lokalmiljøet

 

 

 

 

 

 

 

 

Litt vanskeleg veir for dei store resultata

 

 

 

 

 

 

 

 

Frå hoppkonkurransen

 

 

 

 

 

 

 

 

Eit knippe av dei frivillige

 

 

 

 

 

 

 

 

Monsiadegeneral Arne Sandnes og ordførar i Vanylven, Lena Landsverk Sande

Tips ein ven Skriv ut