Måløy vidaregåande skule
Illustrasjonsbilde

Illustrasjonsbilde Opplæringskontoret for Fiskeri og Havbruk OKFH

Tildeling frå Maritimt Verdiskapingsfond 2019

Måløy Vidaregåande Skule og AkvaHub AS har fått tildeling av fondsmidlar i 2019 etter søknad.

Marint verdiskapingsfond vart oppretta i 2010 og er finansiert av midlar som vart overførte frå staten i samband med konsesjonstildelinga for nye løyve til akvakultur i 2009. Fondet var i utgangspunktet på 11 millionar kroner. Det har vore årlege tildelingar frå fondet. Fondet har totalt 2 millionar kroner til delfinansiering av gode utviklingsprosjekt i 2019.

Marint verdiskapingsfond kan primært delfinansiere utviklingsprosjekt som bidreg til å legge til rette for ei meir berekraftig utvikling av akvakulturnæringa i fylket. Sekundært kan fondet også vurdere tiltak som kan bidra til å auke den marine verdiskapinga.

Hovudutval for næring og kultur gjorde i siste møte vedtak om kva prosjekt som skal få stønad i 2019:

Måløy Vidaregåande Skule fekk ei tildeling på Kr. 850 000,- til eit prosjekt som har som hovudmål å auke kompetansen på vidaregåande- og fagskulenivå om miljøutslepp og teknisk oppbygging av oppdrettsanlegg for slik å kunne bidra til reduserte miljøutslepp og tal rømt fisk. Opplæringsprogram skal utviklast i nært samarbeide med næringsaktørar. Prosjektet er forankra i Verdiskapingsplanen til Sogn og Fjordane Fylkeskommune under delmål: Utvikle ei attraktiv fagutdanning i vidaregåande opplæring retta inn mot verdikjedene i sjømatnæringane. Prosjektet skal gå over to år.

I same møte fekk Akvahub AS, lokalisert til Leirvik i Sogn, ei tildelinga på kr 470 000.- som skal nyttas til prosjektet: Etablere ein fysisk og digital møteplass for aktørar som planlegg eller er i ferd med å gjennomføre bygging av lukka landbasert eller lukka flytande oppdrettsanlegg. Prosjektet er ei oppfølging av ein tidlegare gjennomført workshop om lukka teknologi som er finansiert av fylkeskommunen i 2018. Prosjektet skal gå over tre år.

Rektor Åsta Navelsaker Røed og prosjektleiar Mona Bakke Svarstad ved Måløy Vidaregåande Skule seier dei er glade og fornøgd med tildelinga. Dei ser no fram til å starte opp prosjektsamarbeidet med Sikkerheitssenteret i Måløy, Fagskulen i Sogn og Fjordane, Mowi, Selstad, Eurofins og Fishguard.

Tips ein ven Skriv ut