Kursdeltakarane saman med Jan Arne Holm frå Fishguard og Jan Perry Ostnes frå MVS.

Kursdeltakarane saman med Jan Arne Holm frå Fishguard og Jan Perry Ostnes frå MVS. Foto: Bjarne Husevåg

Teorikurs for praksiskandidatar innan Akvakulturfaget

Opplæringskontoret for Fiskeri og Havbruk (OKFH) i samarbeid med Måløy Vidaregåande Skule har sett i gong kurs for driftsteknikarar og andre i oppdrettsnæringa som manglar teorien i faget

Siktemålet med kurset er kompetanseheving, og at dei tilsette på sikt skal kunne gjere seg kvalifiserte til å gå opp til fagprøve i Akvakulturfaget. Det er om lag 35 deltakarar som gjennom 2 dagars samlingar på skulen utover vinteren og våren, og ein ganske stor eigeninnsats mellom samlingane, skal tileigne seg den teoretiske kunnskapen som skal til for å kunne gå opp til eksamen som praksiskandidatar  våren 2018. Kursdeltakarane kjem frå ni forskjellige oppdrettsselskap i fylket, og har ulike stillingar innan både matfisk-, settefisk- og rensefiskanlegg.

Nokon av deltakarane skiv og såkalla «voksen lærekontrakt» med opplæringskontoret for å få vidare oppfølging etter kurset og frem mot den praktiske fagprøva.

Vi ønskjer alle kandidatane lykke til med kurset.

Tips ein ven Skriv ut