Frå V: Iver Oksholen, Mathias Henriksen, Bent Edvardsen, Endre kirketeig, Mathias Aare, Joakim Hunskår og Mikhail Sukhanik

Frå V: Iver Oksholen, Mathias Henriksen, Bent Edvardsen, Endre kirketeig, Mathias Aare, Joakim Hunskår og Mikhail Sukhanik Foto: Bjarne Husevåg

Teknologilab 2017

Opplæringskontoret for industri og teknologifag, PRO, har denne veka gjennomført ei vekes gratis teknologilab for ungdom på Måløy Vidaregåande Skule.

Endre Kirketeig og Bengt Edvardsen er hyra inn av opplæringskontoret for å drive dette tilbodet. Begge er studentar ved Høgskulen på Vestlandet og dette vert sommarjobb for dei.

Tilbodet skal prøve å vise kva TIP faget omfattar. Denne veka enda ut med at deltakarane konkurrerte i ein fartskonkurranse på skulen sin parkeringsplass med eigenkonstruerte og -bygde bilar. Gjennom teikning, skanning, 3D printing, laserskjering, sveising og liming har køyretya teke form. Elektroniske komponentar er montert saman med dei andre delane for å gjere køyretyet startklart.

Ungdommane som vi har snakka med har vore positive til dette og dei har lært mykje.

 

Då heimesida besøkte gjengen på måndag ettermiddag, var dei i full gang med teikning av deler i AutoCad Inventor. Desse skal seinare skrivast ut på 3D printer. Aktiviteten var upåklageleg, og humøret såg ut for å være på topp.

 

 

 

 

Her er karosseriet i tre skåre ut med laserskjærar

 

 

 

 

 

 

Understellet er begynt å ta form

 

 

 

 

 

Dei siste loddingane må på plass

 

 

 

 

 

Både føresette og ordførar tok seg tid til å møte til fartskonkurransen.

 

 

 

 

Klar, ferdig, GÅÅÅÅÅÅ……

 

 

 

 

 

Kven som vann ? Det betyr mindre. Desse ungdommane møtte til ei vekes teknologilære, fekk arbeide med å lage eit eige køyrety, hadde det sosialt saman, men mest av alt fekk dei vist for både seg sjølve og dei føresette at DETTE KLARER VI. Så for oss er ALLE vinnarar.

Det må og rettast ei stor takk til Opplæringskontoret for industri og teknologifag for at dei har sett i gang dette tiltaket, og vi ønskjer dei meir enn gjerne attende til skulen til ein ny teknologilab.

 

Tips ein ven Skriv ut