Måløy vidaregåande skule/Opplæringstilbod/YSK/TAF-utdanninga
CNC fres

FIREÅRIG YSK/TAF – UTDANNING VED MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE

YSK/TAF – ein kombinasjon av både yrkesfagleg og studieførebuande utdanning.

YSK/TAF-utdanninga har tre opplæringsretningar

  1. YSK/TAF Helsefagarbeidar

  2. YSK/TAF Akvakultur

  3. YSK/TAF Industriteknologi

Utdanninga er fireårig og gjev både spesiell studiekompetanse og fagbrev

YSK/TAF tilbodet ved skulen vert gjennomførd i eit nært samarbeid mellom Måløy Vidaregåande Skule og private bedrifter og offentlege institusjonar i Sogn og Fjordane. Fagbrevet tek ein innanfor dei fagretningane som våre samarbeidspartnerar tilbyr opplæring i.

Utdanninga er organisert slik at skulen står for den teoretiske opplæringa og bedriftene og institusjonane står for den praktiske opplæringa. Dei fyrste tre åra er elevane tre dagar på skule og to dagar i bedrift, det siste året er elevane to dagar på skule og tre dagar i bedrift.

Denne utdanninga gjev deg eit godt grunnlag for høgare utdanning på høgskule eller universitet, men du får og ei fullverdig yrkesutdanning med fagbrev. Du får lærlinglønn frå fyrste dag på arbeid og følgjer bedrifta sitt arbeidsår.

Korleis søkje YSK/TAF-utdanning?

  1. Du søkjer fyrst grunnutdanning via vigo.no

    Søknadskodar:

    Vg1 Helse og Oppvekst (Helsearbeidarfaget)          HSHSF1P---  

    Vg1 Naturbruk (Akvakulturfaget)                               NANAB1P---  

    Vg1 TIP (Industriteknologifaget)                                TPTIP1P---

  2. Du må og sende inn eit eige søknadsskjema. Dette finn du her. På dette søknadsskjemaet må du prioritere 3 bedrifter/kommuner du kan tenkje deg som lærebedrift. Tilgjengelege lærebedrifter innan YSK/TAF Akvakultur finn du her, tilgjengelege kommunar innan YSK/TAF Helsefagarbeidar finn du her og tilgjengelege lærebedrifter innan YSK/TAF Industriteknologi finn du her.

    Om du ønskjer lærekontrakt med ei anna bedrift/kommune enn det som står på listene over samarbeidspartnarar, må du ta kontakt med skulen snarast, og i god tid før søknadsfristen. Skal du søkje YSK/TAF Helsefagarbeidar, må du i tillegg sende med ein personleg søknad der du fortel litt om kven du er og kva din motivasjon er for å søkje YSK/TAF Helsefagarbeidar. Legg den personlege søknaden ved søknadsskjemaet når du sender den til skulen.

  3. Send søknadsskjema (og personleg søknad for YSK/TAF Helsefagarbeidar) innan søknadsfristen 1.mars til:

    Måløy vidaregåande skule

    Nordfjordvegen 9109

    6718 Deknepollen

    E-post: postmottak.maloyvgs@sfj.no

  4. Etter søknadsfristen vert din søknad og di prioriterte liste over læreplassar oversendt dei aktuelle lærebedriftene. Kommunane/bedriftene vil så kalle aktuelle søkjarar inn til interjuv i løpet av mai og juni månad. Ein representant for skulen deltek på dette interjuvet. Kommunane/bedriftene vel sjølv kven dei ønsker å kalla inn til intervju og kven dei vil gi tilbod om læreplass.

  5. I løpet av juni vil kommunane/bedriftene gjere sine prioriteringar og dei elevane som får tilbod om YSK/TAF-læreplass vil konkurrere på poeng om skuleplass ved YSK/TAF-utdanninga. Avtale om YSK/TAF-læreplass mellom eleven og bedrifta må altså vere på plass for at du kan få tilbod om YSK/TAF skuleplass.

  6. Dei som ikkje får tilbod om YSK/TAF-læreplass, vil få omgjort andrevalet sitt til fyrsteval ved ordinært inntak til vidaregåande opplæring.

     

    Dersom du kan tenkje deg å søkje eit YSK/TAF tilbod, bør du ta kontakt med skulen for meir informasjon. Sjå kontaktinformasjon i høgre marg.

Tips ein ven Skriv ut

Kontakt

Kari Silden Sølvberg
Avdelingsleiar STA og YSK/TAF
kari.solvberg@sfj.no
917 53 918

Relaterte lenker

Kåre Nordpoll
Koordinator YSK/TAF-Akvakultur og YSK/TAF Industriteknologi
kare.nordpoll@sfj.no
415 30 711

Elvida Grabus
Koordinator YSK/TAF-Helsefagarbeidar
elvida.grabus@sfj.no
415 14 768

Cecilie Bredesen Hamre
Koordinator YSK/TAF-Helsefagarbeidar
cecilie.bredesen.hamre@sfj.no
959 20 493

Dokument