Måløy vidaregåande skule/Opplæringstilbod/Teknologi- og industrifag
Teknikk og industriell produksjon

Teknikk og industriell produksjon

Teknologi- og industrifag

Moderne samfunnsliv er utenkjeleg utan mekaniske fag. Startar du eit utdanningsløp på TIF kan du seinare velje å utdanne deg til gode jobbar innan mange yrke. Elevane som byrjar på TIF ved Måløy vidaregåande skule utdannar seg til dømes til jobbar innanfor køyretøyfaga, industrifaga, oljebransjen, kjemiprosess, automatisering, anleggsteknikk, yrkessjåfør, logistikkoperatør og maritime fag. Om ein vil kan ein etter fagutdanning utdanne seg vidare til fagteknikar, ingeniør og vidare heilt til topps i utdanningssystemet med mastergrad.

Etter VG1 Teknologi- og industrifag kan du velje forskjellige VG2 utdanningar som vil gi deg kompetanse innafor 93 forskjellige yrker. Går du vidare i Måløy, kan du velje mellom 3 forskjellige VG2 løp.

  • VG2 Køyretøy
  • VG2 Maritime fag, fordjuping Matros
  • VG2 Maritime fag, fordjuping Motormann

Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 2-5 år. Du kan også ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet. Etter bestått fagbrev kan du ta vidare utdanning ved fagskule. Fagskulen i Sogn og Fjordane, Maritim avdeling, er samlokalisert med Måløy Vidaregåande Skule og Sikkerheitssenteret i Måløy.

Les meir om Teknologi- og industrifag og mogelegheitene for yrkesvegar og vidare utdanning på vilbli.no Teknologi- og industrifag

Sjå og Statistisk Sentralbyrå sin rapport om etterspørsel etter arbeidskraft fram mot 2040

Kvifor velje dette faget:
Startar du på TIF har du 93 ulike fagbrev du kan gå vidare på. Gjennom prosjekt til fordjuping vil lærarane rettleie deg slik at du kan få sette deg betre inn i nokre av desse vala. Noreg er verdsleiande innan skipsfart, fiske og fleire andre industriar. Olje og gass skal vi også leve av i fleire tiår inn i framtida. Likeeins vil det alltid finnast køyretøy som skal reparerast og haldast ved like og Noreg treng kreative og kompetente fagarbeidarar. Måløy Vidaregåande Skule har eit omfattande nettverk som set deg i kontakt med denne spanande verda av industri og teknologi.

Vegen vidare:
Etter VG1 Teknologi- og industrifag er det og mogelegheit for å velje VG2 tilbod frå andre utdanningsprogram. Dei mest aktuelle har vore VG2 Anleggsteknikk, VG2 Transport og Logistikk og VG2 Automatisering.
Måløy Vidaregåande Skule har eit godt nettverk mot lokalt og regionalt næringsliv langs heile kysten av Sogn og Fjordane samt større bedrifter andre plassar både i fylket og på Vestlandet. Gjer du det godt på skulen vert du sett på som attraktiv arbeidskraft for mange av desse, og fleire av våre elevar  står med tilbod om lærekontrakt før skuleslutt på Vg2.
Yrkesfagleg opplæring fører fram til eit yrke og gjev yrkeskompetanse med eller utan fag- eller sveinebrev. Du kan gå ut i yrkeslivet etter 2-5 år. Du kan og ta påbygging til generell studiekompetanse om du vil studere vidare ved høgskule eller universitet. Vidare utdanning, t.d. ved fagskulen, kan du starte på etter avlagt fagbrev eller du kan velje Y-vegen til høgare utdanning..

Kontakt

Anita Otneim Hoddevik

Avdelingsleiar TIP og Bygg
anita.olaug.otneim.hoddevik@vlfk.no
997 04 572

Relaterte lenker