Måløy vidaregåande skule
Måløy Vidaregåande Skule

Måløy Vidaregåande Skule Foto: Atle Råsberg

Svært gode søkjartal for Måløy Vidaregåande Skule

Søkjartala som vart offentleggjort denne veka syner svært god søknad til dei tilboda skulen har.

Som ein av to skular i fylket har Måløy vidaregåande skule fleire primærsøkjarar enn elevplassar. Søknaden viser ei positiv utvikling for Naturbruk, Helse- og Omsorg, Byggfaga og Akva medan dei andre faga har stabil god søkning. Tala baserer seg på kva fag elevane med ungdomsrett har ført opp som fyrsteønskje.

Opplæringsavdelinga i fylket vi no framover behandle søknadane og i slutten av månaden vil det verte lagt fram ei sak for Hovudutvalet med innstilling til justering av klassetal ut frå eit prøveinntak. Det endelege inntaket vert gjort i byrjinga av juli månad. Når prøveinntaket vert gjort vil og elevane sine andre og tredje ønskje verte tekne med i vurderinga.

Primærsøkjartala for fylket finn du her: Primærsøkjartal Sogn og Fjordane 2017

Vidare tidsplan for inntak til skuleåret 2017-2018

  • 5. juli: Melding om første inntak
  • 13. juli: Svarfrist første inntak
  • 28. juli: Melding om andre inntak
  • 4. august: Svarfrist andre inntak
  • 14. august: Skulane tek over inntaket

Heile pressemeldinga frå Opplæringsavdelinga kan du lese her: Stabil søking til vidaregåande - Sogn og Fjordane fylkeskommune

Tips ein ven Skriv ut