Måløy vidaregåande skule
Dette blei samla inn på om lag 300 m strandlinje i Vågsfjorden

Dette blei samla inn på om lag 300 m strandlinje i Vågsfjorden Foto: John Heimvik

Strandrydding på Skavøyna

På fredag nytta naturbrukklassa og lærar John Heimvik den siste økta i faget naturbasert aktivitet til ei ryddeøkt i fjæra.

Dette er eit nyttig og haldningsskapande arbeid for desse ungdomane som skal inn i den marine næringa. Området som denne gong vart rydda var om lag 300 m strandlinje på Skavøya ut mot Vågsfjorden. To heile båtlaster med søppel var rydda frakta til land og teke hand om. Både lærar og elevar vart overraska over den store mengda avfall som vert dumpa i våre farvatn. Søppelet vart sortert og kategorisert då vi kom på land. Elevane reflekterte over kor avfallet kom frå, og korleis dette hadde hamna der. Det meste av avfallet er plastavfall i frå maritim og marin ferdsel. Dette er god læring og ga nok elevane ei aha-oppleving.

Dette er andre gongen elevane frå naturbruk er på standrydding dette året. Tidlegare i vinter rydda dei ei strand i nærleiken av Vågsvåg. Takk til elevane for ein godt utført jobb. Viktig å rydde, men kanskje vel så viktig å skape gode haldningar hjå framtidige yrkesutøvarar i den marine næringa.

Vi takkar elevar og lærar for vel utførd jobb.

Her er nokre bilder frå oppryddinga:

Utror

 

 

 

 

 

 

 

Kartlegging

 

 

 

 

 

 

 

Innsamling

 

 

 

 

 

 

 

Transport

Tips ein ven Skriv ut