Måløy vidaregåande skule
Politikarpanelet 2017

Politikarpanelet 2017 Foto: Ragnhild Elin Fimreite

Stortingsvalet 2017

Torsdag var dei politiske partia sine ungdomspolitikarar samla til valdebatt og valtorg ved Måløy Vidaregåande Skule

Ungdomsrepresentantar frå 8 parti stilte til skuledebatten ved skulen. I salen sat elevane frå Måløy vidaregåande skule og 9. og 10. klasse frå Vågsøy ungdomsskule. Dei fekk høyre politikarane diskutere mellom anna regionsreforma, skattepolitikk, miljø, næringsliv og arbeidsplassar. Til slutt fekk dei spørsmål frå salen om bruk av mikroplast, rettar for innvandrarar og 10% regelen om fråvær som mange av elevane er opptekne av.

 

 

  Debatten vart leia av Håkon Melsether Kongshaug og Eirik Gotteberg Eide.

 

 

 

 

 

Sjølv om ikkje alle som var til stades i salen har stemmerett ved valet i år, skal det vera skuleval både på ungdomsskulen og ved Måløy vidaregåande.

Kven av dei politiske partia som har størst oppslutning blant elevane får vi sjå etter skulevalet den 30. august.

 

 

Tips ein ven Skriv ut