Måløy vidaregåande skule
Jan-Erik Hauge og Mads Revheim Skjolden

Jan-Erik Hauge og Mads Revheim Skjolden Foto: Bjarne Husevåg

Storfint besøk hos Restaurant og Matfag

Landslagskokken Jan-Erik Hauge frå Berle har i dag vitja Restaurant og matfag

I samband med at landslagskokken skal kokkelere på Kraftstasjonen i helga saman med kollega Mads Revheim Skjolden og elevar frå Restaurant og matfag, tok dei likegodt turen til skulekjøkkenet på Tennebø for å besøkje «gamlekjøkkenet», samt førebu elevane før deira deltaking på Kraftstasjonen i helga. I følgje Jan-Erik er han no heller å rekne som mellombels inventar enn besøkjande, då det vel er femte året han nyttar høvet til å samarbeide med lærar Bente Iren Vonheim og elevane på Restaurant og matfag.

For ordens skyld må det nemnast at Bente var Jan-Eriks lærar då han sjølv gjekk her.

Tips ein ven Skriv ut