Måløy vidaregåande skule
Statsministeren vitja bebuarane og tilsette på Kulatoppen

Statsministeren vitja bebuarane og tilsette på Kulatoppen Foto: Fjordenes Tidende

Statsministeren vitja Vågsøy

Var innom Kulatoppen bu- og omsorgssenter og møtte der mellom anna YSK/TAF elevane

Tysdag 27.juni besøkte statsminister Erna Solberg institusjonen der 11 av dei tilsette kombinerer arbeid med skulegang ved Måløy Vidaregåande Skule gjennom det fireårige tilbodet YSK/TAF Helse. Statsministeren let seg imponere av over tilbodet ved institusjonen og håpar at YSK/TAF-elevane frå Måløy Vidaregåande Skule også i framtida får bidra til å heve tilbodet.

«Jeg synes det er veldig flott å se at det er YSK-elever her med helsefagbakgrunn, og at YSK ikke bare er for industrifag. YSK er etter min mening et utdanningstilbud som man burde ha hatt mer av» seier Erna Solberg til Fjordenes Tidende.

Våren 2017 vedtok Hovedutvalet for opplæring å utvide plasstalet for YSK/TAF ordninga med 4 plassar for å styrkje YSK/TAF tilbodet innan Helsearbeidarfaget. Tilbodet er fylkesdekkande, der ein i løpet av fire år får både fagbrev OG spesiell studiekompetanse for å kvalifisere seg for inntak til høgskular og universitet. Sidan fylket må gjennom store innsparingar etter reduksjon av statlege overføringar, er det kostnaden med ordninga som avgjer kor omfattande YSK/TAF tilbodet vert.

«Jeg mener at disse plassene er verdt pengene, sier Erna Solberg, som mener YSK-tilbudet kan bidra til at man får flere til å fullføre helsefagutdanningen. Det viktigste er at tilbudet leverer gode kandidater. Vi har en utfordring innen helsefag ved at for mange hopper av utdanningsløpet og ikke tar fagbrev.»

Tenesteleiar Margreet Maijer ved Kulatoppen bu- og omsorgssenter støttar statsministeren si oppfordring til fylkespolitikarane, og understrekar at institusjonen treng dei YSK/TAF elevane dei har og ser gjerne at det vert oppretta fleire elevplassar.

Kjelde: Fjordenes Tidende

Tips ein ven Skriv ut