44nqzfu4s3

Starte på VG1? Då treng du elev-pc til skulestart

Alle elevar i vidaregåande skule må ha eigen PC frå skulestart. Du kan få kjøpe ein rimeleg PC gjennom Vestland fylkeskommune når du skal kjøpe datamaskin.

Informasjon om fylket si PC ordning og innkjøpsavtale finn du her: https://www.vestlandfylke.no/utdanning-og-karriere/elev/elevpc/

Sidan dei fleste lærebøkene som vert brukt på vidaregåande er elektroniske, er det naudsynleg at elevane har tilgang til PC frå skulestart. Like eins vert all informasjon sendt via Teams, prøver og innleveringar skal leverast elektronisk, og det er fleire teikne- og simuleringsprogram som skal nyttast i undervisinga som krev tilgang til PC. Som elev i Vestland fylkeskommune får du oppretta brukar i VLFK sitt nettverk. Du får og gratis tilgang til Microsoft Office 365, G-suite for Education, ordbøker og andre program som du treng i undervisninga så lenge du bruker Microsoft Windows eller macOS som operativsystem.

Utdanningsprogram der Windows er naudsynt:

I studieretningane TIF, Byggfag og Elektro blir det brukt programvare som berre fungerer på Windows. Dette gjeld for eksempel programvare for dataassistert konstruksjon/produksjon og simulering (Autodesk Inventor Pro, SolidEdge, DDS, MECA). For elevar på desse fagvala tilrår vi ein PC med minimum dei ytingane som er spesifisert for Dell Latitude 3510 i fylket si innkjøpsavtale.

Du kan bruke ei maskin du allereie eig. Krav til maskina:

Ho bør minst tilsvare den tilrådde standardmodellen som blir tilbydd av Vestland fylkeskommune. For enkelte utdanningsprogram (t.d. teknologi og industrifag; bygg- og anleggsteknikk; elektrofag) kan det vere ein fordel å ha kraftigare maskin enn det som finst i standardmodellen.

  • Maskina må anten ha operativsystem Windows (PC) eller OSX (Apple Mac).
  • Maskina må ha antivirus-program og den må oppdaterast jamleg.
  • Du må bruke ei datamaskin som fungerer utan internett.

Vel du å bruke Mac i eit utdanningsprogram som krev Microsoft Windows, vil du sjølv vere ansvarleg for å skaffa deg ein Windows-lisens og installere programma som blir kravd.

Maskiner med «Windows S» eller «Chromebook» kan ikkje brukast, då dei korkje  kan installere dei programma du skal bruke eller kan brukast på prøver og eksamen. Som elev må du oppdatere maskina di jamleg og passe på å halde den i stand til å køyre installert programvare. Du er sjølv ansvarleg for lagring og sikring av data (backup) samt generelt vedlikehald av maskina.

Bestilling:

For elevar i vidaregåande skule opnar bestillingsportalen 9. juli. For å garantere at maskina di blir levert før skulestart må du bestille før 02.08.2021. Utsendinga startar 02. august for dei som har bestilt før denne datoen, og deretter fortløpande.