Hovudbilde 1024 x 768 1STA

Sosialdag med vekt på kystkultur

Onsdag 19.08.20 var elevar og lærarar i 1STA samla til ein litt uvanleg sosialdag på Sætrasanden. I tillegg til tradisjonelle aktivitetar som ballspel og grilling, blei elevane  delte inn i grupper der dei konkurrerte om å løyse både praktiske og teoretiske utfordringar.

Eitt av læringsmåla i kroppsøving etter fagfornyinga er at eleven skal kunne bruke lokale tradisjonar for ferdsel i naturen under vekslande årstider. Vi fekk låne ein gammal seksring med det lokale kystkulturlaget på Raudeberg, slik at elevane fekk prøve å ro og manøvrere ein slik trebåt. For dei fleste var dette ei heilt ny erfaring. Det var difor ikkje lett å skulle ro i takt og å halde rett kurs samtidig, men elevane var lærevillige og klarte etter kvart å knekke koden. Dei blei òg utforda på å finne fram til kvar i båten keipar, hamleband, tofter, tiljer og nygla er plasserte. For dei som vaks opp ved kysten på seksti- og syttitalet er dette kjende omgrep, men det er ukjende ord for ungdommar flest i dag.

         

I geografi fekk gruppene i oppdrag å finne fram til bergartane eklogitt og konglomerat. Eklogitt er sjeldan, og forskarar frå heile verda kjem hit for å studere dei rike og varierte mengdene her i nærområdet. Eklogitt er blitt kalla «den vakraste bergarten i verda» og blir mellom anna brukt til å lage smykkesteinar.

I naturfag skulle elevane finne og fotografere utvalde eksemplar frå faunaen i fjøra.
Gruppene la svara på dei ulike oppgåvene inn i digitale rapportar i OneNote.  

      Et bilde som inneholder person, holder, innendørs, hånd

Automatisk generert beskrivelse

I den skriftlege evaluering var alle elevane godt nøgde med denne forma for sosialdag. Her er eit par representative elevsvar frå evalueringa: «Eg synest det var fint å ha nokre fag ute, slik at vi kan lære sjølv om vi ikkje er i klasserommet.» «Det var kjekt å ro, grille og å få samarbeide i grupper med folk eg ikkje kjende så godt frå før.».

Tekst: Sigbjørn Hals

Foto: Bente Olseth og Per Magne Løken