Ole Stenbakk utanfor skulen i Freetown

Ole Stenbakk utanfor skulen i Freetown Foto: Ingfrid Varpe

Solidaritetsdagen 2019

Fredag den 25. oktober vil elevane ved Måløy Vidaregåande Skule gjennomføre ein solidaritetsdag der ein samlar inn pengar for prosjekt i regi av BuildAid.

Målet for innsamlinga i år er å finansiere eit sanitæranlegg til ein barneheim i Freetown, Sierra Leone. Dette som ei forlenging av prosjektet med bygging av ein skule i same området, og som vart teken i bruk no i haust.

Ole Stenbakk frå BuildAid var tidlegare i haust på skulen og rapporterte frå opninga av skulen som elevane har finansiert, og elevrådet vart då samde med Ole om å være med å finansiere dette sanitæranlegget. Kostnaden er berekna til kr 100.000. Elevrådet håper at ein skal klare å nå denne summen ved at elevane stiller si arbeidskraft til disposisjon for allmenheita.

Tysdag 22. oktober kl 12.20 – 13.05 vil Ole Stenbakk frå BuildAid møte alle elevane i Samfunnshallen og presentere prosjektet.

Tilsette og andre som ønskjer å støtte innsamlinga kan gjere dette ved å nytte VIPPS til 538326 eller betale inn til konto 3790.16.71258.

 

Tips ein ven Skriv ut