Måløy vidaregåande skule
Sokkedukketeateret

Sokkedukketeateret Foto: Ida Gangeskar

Sokkedukketeater prosjekt på helse- og oppvekstfag

Helse- og oppvekst Vg1 har laga og helde sokkedukketeater. Oppgåva til elevane var å lage eit eventyr som skulle lære barn i barnehage eller skolealder om sosial kompetanse.

Elevane skulle lære viktigheita av å vise empati, å kunne samarbeide, å hjelpe kvarandre, å dele med kvarandre, å vise sjølvhevding og sjølvkontroll og å lære av å ta ansvar. Videre å få tilbakemeldingar på det ein gjer og kordan ein framstår i møte med andre.

Elevane gjorde ein flott innsats og prosjektet var både sosialt, moro, nyttig og lærerikt. Gruppene sette pris på å få bruke sine kreative evner.

Her er nokre fleire bilder av karakterane dei skapte: