Måløy Vidaregåande Skule

Måløy Vidaregåande Skule

Rektorstillinga ved Måløy vgs lyst ut på nytt.

Det har meldt seg 6 søkjarar til stillinga som ny rektor ved Måløy vgs ved 1.gongs utlysing.

Områdeleiar Rolf Årdal skriv m.a. i ein epost til dei tilsette at rekrutteringsutvalet med bistand frå rekrutteringsbyrået Headvisor har gjort ei vurdering av søknadane til stillinga som rektor ved Måløy vgs.

Vurderinga til rekrutteringsutvalet er at dei ønskjer eit breiare søkjargrunnlag, og difor lyser stillinga ut på nytt. Dei som har søkt kan oppretthalde søknaden.

Det er opplæringsavdelinga i Vestland fylke som står for handsaminga av tilsettingssaka.